tirsdag 9. mai 2017

Kritikk av Studentersamfunnet

                                         Foto: Anette Kurylo

Sveinung V. Knutsen frå Studentersamfunnet i Bergen kjem med litt ulike synspunkt om meg i eit innlegg på Studentmeninger 24.04.17. Fyrst vil Knutsen, som studerer kristendom ved NLA, fortelje meg kva eg burde ha lært på eit studie han ikkje har tatt. 

Så meiner han at eg begår personåtak på rasehygienikaren Charles Murray når eg kritiserer Samfunnet for å invitere han til samtale om denamerikanske draumen, måndag i førre veke. Han meiner det er eit personåtak å påpeike kva ein person har ytra. Det er det ikkje. Utover dette er det uinteressant å gå inn på kva Knutsen vil at filosofar bør meine, både av di det ikkje ser ut til at han har særleg innsikt i faget, men også av di det er ein avsporing å snakke om debattskikk i denne samanhengen. Knutsen hevdar at eg tar mannen og ikkje ballen, men sjølv tar han ikkje poenget. Vi snakkar om at Samfunnet, uansett kva samtalen skulle handla om, er med på å gje legitimitet til ein rasehygienikar og dermed er med på å gjere den akademiske rasismen til noko stovereint. 

Knutsen seier at ein må inkludere «kontroversielle» stemmer i debatten. Ingen er ueinige i akkurat det, men Murray er ikkje berre «kontroversiell» som i spanande og pirrande - han er rasehygienikar, altså ein som spreier løgn om minoritetar, og han har masse pengar i ryggen gjennom den nykonservative lobbyen. Dette er ein mann som ikkje berre seier at svarte generelt er mindre intelligente enn asiatar og kvite og at dette er årsaken til at dei generelt sett er fattigare. Han har også tatt til orde for å gjere politiske grep slik at desse mindre intelligente, fattige, svarte, åleinemødre får færre born.

Mitt argument har vore at når Samfunnet og Civita latar som at Murray har kredibilitet som statsvitar, gjev dei også legitimitet til det han har skrive. Folk vil tenke: «Om han er oppegåande nok til at Samfunnet og Civita inviterer han, må jo desse teoriane hans ha noko for seg.» Knutsen innvender til dette at det er uvesentleg kva Murray hevdar om mørkhuda menneske, så lenge han kan bidra med noko på andre tema, som den amerikanske draumen, som var det som var tema for samtalen. Det er ein diskusjon for seg, men den vert eigentleg uvesentleg med tanke på kva som faktisk skjedde på møtet. Noko av det fyrste som hendte var nemleg at Samfunnets leiar Sindre Viulsrød, som elles markerte seg som ein servil og ukritisk møteleiar, gav Murray tid til å avvise alle anklagar om rasisme.

For det fyrste sa Murray at han kunne ikkje vere rasist sidan han var libertarianar – og det er berre å sjå til altright-rørsla i USA for å sjå at det ikkje stemmer, då det er eit betydeleg innslag av libertarianarar der , noko som nyleg vart vist i ein tekst publisert av Antirasistisk Senter. For det andre hevda Murray at han ikkje kunne vere noko rasist sidan han har born med minoritetsbakgrunn, og dei ville ikkje ha tolt at han var rasist. Det er en tankefeil som ikkje endrar på det faktum at han argumenterar for å avvikle velferdstiltak retta mot desse minoritetane, ettersom at dei er for dumme til at det har nokon effekt. Det endrar heller ikkje at han no er imot innvandring av folk med lav IQ, medan innvandring av smarte folk er uproblematisk. For kven var det som var dei smartare og dei dummare, i følgje bøkene hans?

Det er nemleg ikkje berre den kjende boka «The Bell Curve» som frontar rasehygieniske argument, men også boka «Coming apart: The State of White America», som var den Murray vart invitert på bakgrunn av. Dette er ei bok som hevdar at dei vaksande skilnadane mellom kvite i USA skuldast ulike genetisk arvelege eigenskapar. Dette var boka Studentersamfunnet fant interessant nok til å invitere Murray. Dette er ting vi har sett tidlegare, mellom anna i den svenske fascistavisen Vägen Framåt i 1952: "Vid testningar i Sverige har man kommit fram till det resultatet att barn från högre socialgrupp i genomsnitt äro mer begåvade än barn från lägre samhällsskikt (...) Den elit, som alltså framträder som den naturliga bäraren av samhällsfunktionerna måste därför betecknas som en biologisk elit". Interessant nok sprang også det svenske libertarianske miljøet ut frå initiativer som dette, noko som igjen vart vist i teksten hjå Antirasistisk senter.

Mot slutten av samtalen fekk forsamlinga sitte og klukke av latter over det som kallast «snowflakes» som krev såkalla «safe spaces». Dette er altså universitetsstudentar frå etniske og seksuelle minoriteter som vågar å ta opp kampen mot akademisk rasisme, som vil hindre det at universiteter vert arenaer for spreiing av rasistisk og fascistisk tankegods og for trakassering av transpersonar og innvandrarar utan lovleg opphald. Konsensusen i rommet var klar: klart minoriteter må tåle å få høyre distingverte gjestar ta til orde for at dei på ulike måtar er mindre verdt og at det underforstått er raseskilje i ulike formar som er løysinga på problema. Kva er det noko å verte sint for, liksom?
Dette var det som skjedde under samtalen med Murray. Han nytta legitimiteten han fekk frå arrangørane til å reinvaske seg og til å framstille dei som demonstrerer mot den akademiske rasismen hans som hårsåre og politisk korrekte idiotar, heilt utan å bli møtt med kritiske spørsmål. Dette var det eg åtvara mot i forkant. Dette burde aldri ha hendt og det kunne ha vore unngått. Samfunnet og Civita burde ikkje ha gitt rasehygienikaren Murray moglegheiten til dette. Det er nettopp slike arenaer som held liv i den akademiske rasismen.

Knutsen tar opp mitt argument om at det ikkje fungerer å argumentere mot rasisme, av di rasistisk tankegods ikkje baserar seg på rasjonalitet. Med dette meiner eg at det rasistiske tankegodset ikkje baserer seg på noko rasjonell vurdering av faktiske forhald, men er snarare eit knytte av rasjonaliseringar satt oppå ei kjerne av frykt og desperasjon. Knutsen har heilt rett i at det kan finnast ei indre logikk i dette. Quine var inne på dette i sitt arbeid om koherentisme, då han skreiv om våre «webs of belief» som bilete på korleis vårt medvite kan oppfattast som eit spindelvev der alle våre oppfatningar heng saman og påverkar kvarandre. Quine gjorde eit poeng ut av at denne spindelveven kan anten vere festa i omgivingane kring oss, eller vere delvis eller heilt lausrivne frå røynda, men den indre koherensen er bevart. I tilfellet den overtydde rasisten kan ein seie at sjølv om det finns ein indre koherens, ei indre samanheng i spindelveven, så er alle eller dei fleste fortøyningar til røynda kutta. Det er dette eg har meint.

At rasistiske ytringar ikkje baserar seg på rasjonalitet men på kjensler, er ikkje noko eg har funne på. Dette er noko folk skreiv om allereie i tida etter andre verdskrig. Adorno skreiv fylgjande om rasistiske propagandaytringar i 1951: «They are obviously based on psychological calculations rather than on the intention to gain followers through the rational statement of rational aims.» Dei som agiterer rasistisk er ute etter å dyrke ei stemning av «irrasjonell kjenslebasert aggressivitet», og difor hjelper det lite å freiste å argumentere mot dei, då ein berre gjev dei meir rom til å gjere det dei helst vil: kome med grunnleggande hatefulle ytringar som dei kalkulerer med at vil treffe ei viss mengde folk som er tilbøyeleg til å vere einige. Robert O. Paxton, som reknast som ein av verdens fremste forskarar på fascisme, syner i Anatomy of Fascism at kjensler lik disse ligger i kjerna av den fascistiske ideologien som mobiliserande faktorar. Å tru at ein bør sleppe dette til i offentlegheita og at det vil skape mindre hat er altså det reinaste vås.

Knutsen hevder at eg antyder at det berre er dei som spreier rasisme som er irrasjonelle medan vi andre er heilt rasjonelle og ukorrumperbare. Det meiner eg ikkje. Tvert om er eg einig med i at vi «rasjonelle» ikkje er heva over irrasjonalitet, som rasisme, noko eg freista å gjere klart då eg skreiv at «vi er alle utsette for å tenke, tale eller handle på bakgrunn av rasistisk tankegods i større eller mindre grad, meg sjølv inkludert» Eg meiner som Knutsen at menneske er grunnleggande irrasjonelle, og nettopp det illustrerer noko av poenget mitt med kor farlig det er å gje plattform til dei som sprer rasisme.

Det er eit historisk faktum at amerikanske raseteoretikarar var ei stor kjelde til inspirasjon for antropologar i Nazi-Tyskland på 1930-talet. Vi har sett tidlegare korleis desse ideane sprer seg og kva det fører til. Vi såg det den gongen, vi såg det i Rwanda, på Balkan, i USA og her heime. Nynazistar og andre på høgresida står bak over hundre drap i Skandinavia dei siste 30 åra. No ser vi at påstått ansvarlege aktørar som Studentersamfunnet, Civita og Minerva finn det lurt å gje ein mikrofon til ein rasehygienikar som baserer bøkene sine på misbruk av statistikk og på «forsking» frå Apartheidregimet i Sør-Afrika. For å sitere den kjende forskaren Ashley Montagu når han skriv om IQ-testar og akademisk rasisme: “More than 200 years of libel and slander are enough.» Nok er nok. Det er på tide å sette sluttstrek for dei rasistiske løgnane og dei som spreier dei.

Eg vonar dette var siste gong vi ser Hans Majestet Pinnsvinet bli brukt til å kvitvaske akademisk rasisme, men etter svara eg har fått så langt å døme, ser eg inga grunn til å vere optimistisk.

Skrevet av: 
Axel Fjeld,
Masterstudent i filosofi ved UiB,

Medlem av Arbeiderpartiet

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar